[Knut Yrvin]:
Her er mitt forslag :-)
Lokalmeny (Mitt dataleksikon, for nettsider?) -> Bokmerker Pop-up menue - > Oppsprettsmeny (OOo-oversettelsene) Pop-up menue - > Sprettoppmeny (Mozilla)
lat oss presisere litt: pop-up skal skje utan eksplisitt klikk frå brukaren? t.d. vil aktive JavaScript-menyar kome inn under dette, men ikkje menyane på høgre musknapp i Gimp.
Context menue -> Omgivelsesmeny (forslag) Kontekstmeny (ikke god) -> Omgivelsesmeny (forslag)
eg synest "kontekstmeny" er OK. sjølv om "kontekst" strengt teke er eit lånord, er det godt innarbeida i norsk, og neppe mindre forståeleg enn "omgivelse". vi snakkar allereie om ein "skrivebordomgivelse" (gjer vi ikkje?), og då kan det fort misforståast som den Gnome- eller KDE-spesifikke menyen nedst på skjermen.
Pulldown menu -> Nedtrekksmeny (for nettsider) Drop down menue -> Rullegardinmeny Drop down toolbar -> Rullegardinverktøy
er litt usikker på kvar vi treng å skilje på desse. eg har i alle fall ikkje klart for meg kva som er kva her ;-)
- at Gaute kommer til å rydde bort merkelige bokmålsoversettelser
når han oversetter til nynorsk. Nynorsk gir et bedre norsk enn bokmål, som egentlig betyr at det ville lønne seg å oversette fra engelsk til nynorsk først, for så å oversette til bokmål :-)
eg ville ikkje seie det slik, men konklusjonen min er den same: du skal vere svært stø for å klare omsetje bokmål til god nynorsk, det er altfor lett å hamne i substantivfella. sannsynlegvis er det betre å ta utgangspunkt i den engelske originalen for å få litt avstand frå teksten. derimot vil omsetjing frå nynorsk til bokmål ofte ha positiv effekt på setningsbygnad og ordval.