Johnny A. Solbu skreiv 01.07.2026 13:53:
On Wednesday 01 July 2026 10:49, Kjetil Torgrim Homme wrote:
< burn -v brenne, etterbelyse [foto]
gjør mørkere [foto], burn -v etterbelyse/etterbelysning [foto, teknisk]"brenne" er nok frå CD-brenning. burde vi vere eksplisitte på at vi heller vil bruke "skrive" eller "lagre"? eg synest "brenne" framleis er fint, men eg er jo gammal.
Det er riktig nok ikke ofte, men jeg brenner fremdeles DVDer på oppdrag.
Jeg mener at vi bør nok fremdeles anbefale «brenne» som alternativ da «burn» ikke er ensbetydende med å redigere bilder.
Ja, eg er heilt einig. Eg tenkte ikkje på brenning av CD-ar, så eg vart forvirra av at det stod. Men «brenne» er jo heilt klart det vanlege ordet på norsk for dette. Så då endrar eg heller til:
burn -v → brenne (CD-er/DVD-er), gjør mørkere [foto], (etterbelyse/etterbelysning [foto, teknisk])
Eg har sett den siste varianten i parentes. Det er jo teknisk sett det rette ordet, men eg trur det er veldig forvirrande at «etterbelysning» gjer bildet mørkare, mens «(av)skygging» gjer det lysare. Og Adobe brukar også «gjør mørkere» og «gjør lysere» som norsk omsetjing av høvesvis «burn» og «dodge»: https://helpx.adobe.com/no/photoshop/desktop/repair-retouch/adjust-light-ton...
Eit alternativ er forresten «mørkne» og «lysne». I programmet Krita er omsetjinga litt vanskeleg, for der finst /både/ «burn» og «darken» og «dodge» og «lighten» (pluss variantar som «lineær burn»). Der har eg opphavleg brukt «Mørkna …» og «Lysna …» for «Burn…» og «Dodge…» (og «Lineær mørkning» for «Linear Burn»), men «Gjer mørkare» for «Darken» og «Gjer lysare» for «Lighten». Men det bør eg kanskje byta om på? For å gjera forvirringa komplett finst det òg variantar som «Color burn» («Mørkna farge») og «Darker color» («Mørkare farge»). Vanskeleg!