Kolbjørn Stuestøl skreiv 21.07.2024 12:39:
Eg meier å hugse at Karl Ove Hufthammer og andre hadde ein diskusjon om korleis omsetje "docks". Trur ikkje det blei ei endeleg avklaring, men truleg interessant likevel. Finn ikkje denne igjen i forumet. (Får ei lang feilmelding når eg prøver å søke etter "dock" o.l. i I10n-no arkivet. Bruker Windows 11).
Me vart einige om «dokkpanel». Her er diskusjonen: http://lister.huftis.org/pipermail/l10n-no-huftis.org/2020-May/thread.html#8...
Eg har no lagt inn omsetjinga i fellesordlista (i Git-depotet): https://gitlab.com/l10n-no/l10n-no-dok/-/commit/7ea4114b26431e01b0c8898be6b9...
Her la eg òg inn ei lenkje til (starten av) diskusjonen. Trur det kan vera greitt å ha slike lenkjer, slik at ein lett kan sjå grunngjevinga for dei terminologivala me har tatt. Vil sjølvsagt vera eit enormt arbeid å legga inn lenkjer for alt som er diskutert til no, men me kan iallfall legga det inn for *nye* ord og når nokon spør om grunngjevinga for eit «gammalt» ord.