On Saturday 02 August 2008 23:20:38 Karl Ove Hufthammer wrote:
Laurdag 2. august 2008 skreiv Petter Reinholdtsen:
Kunne godt likt å standardisera «system administrator» og liknande nemningar til «systemansvarleg», og legga dette inn i fellesordlista? Innvendingar?
Personlig omtaler jeg vedkommende som systemadministrator, og ville blitt forvirret av om systemansvarlig er det samme som systemeier eller systemadministrator.
«Systemansvarlig» som omsetting av «system administrator» *er* alt ganske etablert på norsk. Blant anna har Microsoft standardisert på dette i terminologilista si.
Eit enkelt søk etter «systemansvarlig» på for eksempel Google stadfester bruken av ordet i den aktuelle tydinga.
To andre grunnar til at eg synest me bør velja «systemansvarlig» i staden for «systemadministrator», er at ordet er enklare (reint fonologisk) og «norskare». (For å klargjera: Sistnemnte er grunnen til at me blant anna har valt å bruka «oppsett» i staden for «konfigurasjon» sjølv om «konfigurasjon» er heilt «lovlig» norsk.)
System administrator er brukt om dei som har tilgang til endre oppsettet på eit system, anten dette er ei datamaskin eller fleire. Dette er _ikkje_ det same som systemansvarleg, sjølv om denne ofte også er administrator. Systemeigar kan også nyttast om systemansvarleg, men kan også nyttast om forskjellige roller - til dømes er gjerne rådmannen i ei kommune eigar, medan IT-sjefen er ansvarleg, og alle ansatte på IT-kontoret administratorar.
Etter mi meining er det kun systemadministrator av dei over som er veldefinert og den korrekte omsetjinga på system administrator. Dette er dog ikkje noko spesifikt for IT-verda - ein administrator implementerar det ein ansvarleg har bestemt. Alt i alt generelt einig med Petter Reinholdtsen.
Mvh, Lars Ivar Igesund - som har jobba som systemadministrator men _ikkje_ systemansvarleg.