Mange takk.
Ja, det er alltid fint å ha bakgrunnen for vala. Saknar den «nye» fellesordlista i HTML-format. Fint arbeid du gjer. Takk for det også. Eg har ikkje blanda med inn i dei tekniske diskusjonane i forumet, sidan det er langt utanfor min kompetanse.
Nå blir det å gå gjennom alle GIMP-filene både i UI og hjelp (og dei er ikkje få) på jakt etter "dock" og endra til dokkpanel eller noko som måtte passa inn. Kan hende eg kjem med nye spørsmål.
For tida er det ein feil i GIMP som gjer at ikkje alle omsetjingane blir utførte i brukargrensesnittet. Utviklarane er klar over feilen, så vonleg blir han retta i neste oppdatering.
Helsing Kolbjørn
Den 21.07.2024 13:48, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Kolbjørn Stuestøl skreiv 21.07.2024 12:39:
Eg meier å hugse at Karl Ove Hufthammer og andre hadde ein diskusjon om korleis omsetje "docks". Trur ikkje det blei ei endeleg avklaring, men truleg interessant likevel. Finn ikkje denne igjen i forumet. (Får ei lang feilmelding når eg prøver å søke etter "dock" o.l. i I10n-no arkivet. Bruker Windows 11).
Me vart einige om «dokkpanel». Her er diskusjonen: http://lister.huftis.org/pipermail/l10n-no-huftis.org/2020-May/thread.html#8...
Eg har no lagt inn omsetjinga i fellesordlista (i Git-depotet): https://gitlab.com/l10n-no/l10n-no-dok/-/commit/7ea4114b26431e01b0c8898be6b9...
Her la eg òg inn ei lenkje til (starten av) diskusjonen. Trur det kan vera greitt å ha slike lenkjer, slik at ein lett kan sjå grunngjevinga for dei terminologivala me har tatt. Vil sjølvsagt vera eit enormt arbeid å legga inn lenkjer for alt som er diskutert til no, men me kan iallfall legga det inn for *nye* ord og når nokon spør om grunngjevinga for eit «gammalt» ord.