On 9 Aug 01, at 17:53, Petter Reinholdtsen wrote:
[Karl Ove Hufthammer]
[...]
Spelet inneheld to variantar, 'Key Cascade' og 'Word Cascade'. I førstnemnte skal ein fanga bokstavar, og i sistnemnte ord. Kva skal me kalla dette på norsk? 'Bokstavtrening' og 'Ordtrening' går, men er ikkje altfor spennande. Litt meir direkte omsett kan me snakka om 'Ordfoss' eller 'Orddusj'. Synspunkt? Andre forslag?
Viss du slepp opp for ord, kjem meldinga 'OH NO!' opp på skjermen. Treng eit tilsvarande negativt imperativ på norsk. 'Å nei' blir litt tamt.
Kjenner ikkje spelet, men kanskje: Uff!
Jon Grepstad