Hei
No er vi snart i gang med å få på plass rammeverk for vedlikehald av norske ordlister. Det er no mogeleg å sende e-post med nye ord og rettingar for å oppdatere listene i no.speling.org.
Men før eg vil sleppe dette laust vil eg få på plass litt meir dokumentasjon, og eg treng litt hjelp til dette. Du kan gå inn på heimesidene [1] for å lese det som eg har skrive førebels. Det er spesielt sida med skildringa av filformatet eg vil ha fokus på.
I felta for CLASS, CONJUGATION og CONJUGATION-RULE vil eg ha ein tabell over alle ordklassane med døme, bøyingsmåtar i ulike kjønn og bøyingsreglar. Viss det er nokon som kan hjelpe meg med det så er det kjempeflott.
Eg håpar vi kan klare å bygge opp ein «orddatabase» som vi kan bruke seinare når meir avanserte stavekontrollverktøy er tilgjengelg, eg vil difor at vi samlar så mykje data som råd er for kvart ord i ordlista.
Viss du vil vite meir om dette systemet, så står det meir informasjon på dei danske sidene [2].
Helsing Håvard
[1] http://no.speling.org/dokumentasjon.html [2] http://da.speling.org