Karl Ove Hufthammer skreiv 16.03.2026 22:13:
Elles vil òg diffane sjå mykje *mindre* oversiktlege ut med standard Markdown. No er det vel rimeleg oversiktleg, der berre linjer som er endra, vert markerte, og GitLab brukar både fargar til å visa kva delar av linjene som er endra. Dei einaste plassane det ser litt rart ut, er der heile oppslag er fjerna og diff-visinga til GitLab viser linjene i ei litt ulogisk rekkjefølgje (eks. for «access -v», der fjerninga av «access code» kjem *mellom* tekstendringa i omsetjinga).
Eg ser forresten at ein kan trykka på ein innstillingsknapp oppe til høgre og byta frå «Integrert»-vising til «Side-ved-side»-vising. Den visinga kan nok enkelte synest er lettare å lesa, då linja til venstre alltid vil visa «før»-status og linja til høgre alltid «etter»-status.