On Wed, 2017-02-22 at 21:40 +0100, Leif Halvard Silli wrote:
On 22 Feb 2017, at 20:26, Karl Ove Hufthammer wrote:
Slik det ser ut no, er implementasjonen i Dolphin basert på ein knapp (eller eit menyval?) som heiter «Stash» og som opnar ei rute (eit delt vindauge) med denne virtuelle mappa. Ein kan så dra filer/mapper til og frå mappa. Eg trur me derfor i første omgang treng eit substantiv (som «Papirkorg» og «Utklippstavle») i staden for eit verb.
«Filkasse». Fordi ei kasse ofte er noko ein nyttar til å raska saman ting.
Eller «Fillager».
Eller «Filstabel»
Eller «Filhylle» - «legge det på filhylla» ....
eg likar "hylle" veldig godt. det gjev i alle fall meg inntrykket at det er ei mellombels plasseringa. kanskje fordi det er skilnad på å leggje noko "på hylla" og "i hylla"...
Eller, for å lata det verka litt kjent (for sume ...) tykkjer eg ikkje det gjer noko om det hadde heitt «mellomlager» - det høyrest, konseptuelt, ut som eit manuelt «cache».
eg trur vi bør halde på at mellomlagring kun tyder caching, og ikkje fleire ting. -- venleg helsing, Kjetil T.