Den 17.06.2026 18:17, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Kjetil Torgrim Homme skreiv 17.06.2026 16:08:
tusen takk for arbeidet, Karl Ove!
prøvde du å gjere automatisk omkoding av det grøvste? ideelt sett skulle sjølvsagt MIME-headers setje charset korrekt, men der det ikkje er satt og meldinga *ikkje* let seg dekode som UTF-8, kan det vere greit å gjette på Latin-1 når det finnest ein eller fleire oktettar av […]
Eg vurderte først å prøva noko slikt, men det var dessverre ikkje fullt så enkelt, så eg slo det frå meg. Ei melding kan vera skriven i éi teiknkoding, verta tolka som ei anna når nokon svarar på ho og tolka som ei anna igjen når nokon så svarar på svaret, slik at den tredje meldinga i praksis vert ei blandinga av tre ulike teiknkodingar.
Det finst for eksempel meldingar i arkivet der bokstaven å vert skriven som både «ÃƒÂ¥», «Ã¥» og «å» i éi og same melding!
ah, det gir meining, det vert vanskeleg å automatisere, ja. takk igjen!