Håvard Korsvoll korsvoll@skulelinux.no skreiv i innlegget news:200404232003.26297.korsvoll@skulelinux.no:
Eg prøver å finne ei norsk omsetjing for «Heard Island and McDonald Islands».
Du kan bruka «Heard- og McDonaldøyane». Språkrådet har ikkje uttalt seg offisielt om dette namnet, men det verkar å vera eit namn som er i bruk.
På "http://i18n.skolelinux.no/kodar/land.html" har du ei oversikt over alle landsnamna. Alle namna er offisielle, og sjekka med Språkrådet og Utanriksdepartementet, med unntak av fem, som er merka med *.
Det er desse omsettingane som er meint å brukast i Skulelinux-programvare, og dei er referert til i retningslinjene "http://i18n.skolelinux.no/retningslinjer.html".
Eg har sett etter på Gustav Foseid si flotte side med omsetjingar av land i ISO-3166-1 tabellen [1].
Denne ser ut til å vera nær lista på i18n.skolelinux.no, men eg ser iallfall to feil, og fleire manglar.