Gode dykk,
Eg har jobba litt med å omsetja Wordpress dei siste vekene, og greidd å få nn.wordpress.org til oss.
Fleire har jobba med Wordpress på nynorsk før. Eg har ikkje ynskt å kapre arbeidet frå nokon, og har i staden prøvd å samle mesteparten av omsetjingane på translate.wordpress.org. Mykje er gjort, men nynorskutgåva er likevel eit godt stykkje frå å vera ferdig. I tillegg til omsetjing må det til nokre endringar i oppsettsfiler for at nynorskutgåva skal bli tilgjengeleg frå styringspanelet. Eg har ikkje hatt tid, evt. teke meg tid, til dette arbeidet enno, men det kan vera eg gjer det snart.
Uansett er det flott om nokon har hug til å bruke ein regnvêrsdag eller to på nynorsk Wordpress. Eg er ikkje velrøynd i svn eller detaljar i oppsettsfiler, og eg veit det finst folk her som har rikeleg av slik kunnskap. Viss de vil, er det flott viss de hjelper til! Litt om korleis de blir med, finn de her:
http://nn.wordpress.org/2010/07/03/fleire-omsetjarar/
God sumar!
Beste helsing
Eivind Ødegård