Gode dykk,
Eg har jobba litt med å omsetja Wordpress dei siste vekene, og greidd å få nn.wordpress.org til oss.
Fleire har jobba med Wordpress på nynorsk før. Eg har ikkje ynskt å kapre arbeidet frå nokon, og har i staden prøvd å samle mesteparten av omsetjingane på translate.wordpress.org. Mykje er gjort, men nynorskutgåva er likevel eit godt stykkje frå å vera ferdig. I tillegg til omsetjing må det til nokre endringar i oppsettsfiler for at nynorskutgåva skal bli tilgjengeleg frå styringspanelet. Eg har ikkje hatt tid, evt. teke meg tid, til dette arbeidet enno, men det kan vera eg gjer det snart.
Uansett er det flott om nokon har hug til å bruke ein regnvêrsdag eller to på nynorsk Wordpress. Eg er ikkje velrøynd i svn eller detaljar i oppsettsfiler, og eg veit det finst folk her som har rikeleg av slik kunnskap. Viss de vil, er det flott viss de hjelper til! Litt om korleis de blir med, finn de her:
http://nn.wordpress.org/2010/07/03/fleire-omsetjarar/
God sumar!
Beste helsing
Eivind Ødegård
Sundag 11. juli 2010 skreiv Eivind:
Uansett er det flott om nokon har hug til å bruke ein regnvêrsdag eller to på nynorsk Wordpress. Eg er ikkje velrøynd i svn eller detaljar i oppsettsfiler, og eg veit det finst folk her som har rikeleg av slik kunnskap. Viss de vil, er det flott viss de hjelper til! Litt om korleis de blir med, finn de her:
Er det mulig å få inn omsettinga som ei .po-fil i Skulelinux-SVN? Eg brukar sjølv WordPress (på nynorsk), og sjølv om sommarferien er over for min del, kunne eg godt tenkt meg å brukt litt tid på å korrekturlesa nynorskomsettinga. Men bruk av eit vevbasert omsettingsgrensesnitt som det ser ut som det er lagt opp til, har eg ikkje tid til …