I avsnittet «Språknormalen» står det:
«Me brukar konsekvent læreboknormalen. Ein viktig grunn til det er at me ønskjer at programma skal kunna takast i bruk i skulen (sjølv om det enno ikkje har komme noko lov som seier at elektroniske læremiddel skal vera tilgjengeleg på dei to målformene, og etter læreboknormalen, slik me har for ikkje-elektroniske læremiddel).»
Merknad:
Det er feil at lova ikkje krev at elektroniske læremiddel (her medrekna kontorstøtteprogram) skal liggje føre på begge målformer. Jf. dei merknadene som Axel Bojer nyleg sende over frå meg.
Forslag til ny formulering av avsnittet:
«Me brukar konsekvent læreboknormalen. Ein viktig grunn til det er at me ønskjer at programma skal kunna takast i bruk i skulen. § 17.2 i forskrifta til opplæringslova krev at læremiddel, trykte eller ikkje-trykte, i utgangspunktet skal liggja føre til same tid på bokmål og nynorsk. Kravet omfattar vanlege kontorstøtteprogram. Unntak er nemnde i § 17-3.»
Med helsing
Jon Grepstad
(For dei som ikkje kjenner meg, legg eg til at eg var informasjonsleiar i Språkrådet 1994-2007, og at eg i den samanhengen kom i kontakt med arbeidet den nye forskrifta til opplæringslova.)