I avsnittet «Språknormalen» står det:
«Me brukar konsekvent læreboknormalen. Ein viktig grunn til det er at me ønskjer at programma skal kunna takast i bruk i skulen (sjølv om det enno ikkje har komme noko lov som seier at elektroniske læremiddel skal vera tilgjengeleg på dei to målformene, og etter læreboknormalen, slik me har for ikkje-elektroniske læremiddel).»
Merknad:
Det er feil at lova ikkje krev at elektroniske læremiddel (her medrekna kontorstøtteprogram) skal liggje føre på begge målformer. Jf. dei merknadene som Axel Bojer nyleg sende over frå meg.
Forslag til ny formulering av avsnittet:
«Me brukar konsekvent læreboknormalen. Ein viktig grunn til det er at me ønskjer at programma skal kunna takast i bruk i skulen. § 17.2 i forskrifta til opplæringslova krev at læremiddel, trykte eller ikkje-trykte, i utgangspunktet skal liggja føre til same tid på bokmål og nynorsk. Kravet omfattar vanlege kontorstøtteprogram. Unntak er nemnde i § 17-3.»
Med helsing
Jon Grepstad
(For dei som ikkje kjenner meg, legg eg til at eg var informasjonsleiar i Språkrådet 1994-2007, og at eg i den samanhengen kom i kontakt med arbeidet den nye forskrifta til opplæringslova.)
Grepstad Jon:
Det er feil at lova ikkje krev at elektroniske læremiddel (her medrekna kontorstøtteprogram) skal liggje føre på begge målformer. Jf. dei merknadene som Axel Bojer nyleg sende over frå meg.
Tusen takk for tilbakemeldinga, Grepstad. Eg har no endra det aktuelle avsnittet til:
Me brukar konsekvent læreboknormalen. Ein viktig grunn til det er at me ønskjer at programma skal kunna takast i bruk i skulen, og opplæringslova med tilhøyrande forskrifter seier at dei same reglane som gjeld for trykte læremiddel gjeld for elektroniske læremiddel (med nokre unntak). Programma må altså liggja føre seg på begge målformene, og følgja læreboknormalen. Sjå Jon Grepstad sin [artikkel om opplæringslova og elektroniske hjelpemiddel] for meir informasjon.
Eg har òg retta «Føretrekt form»/«Forbudt form» til «Bruk»/«Ikkje bruk», slik du foreslo i tidligare e-post til Axel Bojer.
Til slutt vil eg nemna at viss du (eller andre) har fleire merknader til retningslinjene, er dei hjertelig velkomne.