Den 28.01.2014 02:01, skreiv Olav Dahlum:
Du har rettigheter i bokmålsprosjektet, så kom med forslag. Vi trenger uansett flere folk til disse jobbene ettersom to er for få på et slikt prosjekt.
Ja, skulle gjerne vore fleire som ville setje om både bokmål og nynorsk. Ser at for versjon 4.2 er det akkurat nå i UI (sjølve LibreOffice) 1555 ord for nynorsk og 1282 ord for bokmål som ikkje er omsette av 97 314 ord, så der er det nokså bra. For hjelpfilene er det derimot 132 529 ord (nn) og 115 540 ord (nb) som ikkje er omsette av 437 838 ord. Som samanlikning: Hjelpfilene er 100 % omsette for dansk og nesten 100 % for svensk.
Omsetjina er som oftast ikkje så vanskeleg, men det krev ein del tid.
Skal setje inn forslaga for bokmål ein av dei næraste dagane. Elles er det råd å setje opp Pootle med nynorsk som eit av «Altaernative Source Languages» for at den nynorske omsetjinga, dersom ho finst, skal bli synleg på skjermen.
Helsing Kolbjørn
2014-01-27 Kolbjørn Stuestøl <kolbjoern@stuestoel.no mailto:kolbjoern@stuestoel.no>
Nå er heile LibreLogo i LibreOffice 4.1 og 4.2 omsett til nynorsk. Sidan det ikkje kom så mange innlegg om forslaga mine i http://www.stuestoel.no/temp/LibreLogo-namn.php, har eg brukt dei (stort sett) slik dei står der. Også hjelp for LibreLogo er omsett, men denne kjem ikkje med før i neste oppdatering. Oppsettet er laga slik at både norkse og engelske ord kan brukast i den norske versjonen. I tillegg er det for fleire kommandoar tatt med kortversjon og ord som er/har vore i bruk i andre Logo-versjonar så langt eg kjenner dei. For eksempel er HØGRE, SNU HØGRE, HG, RIGHT ulike, gyldige namn på den same kommandoen. Eg reknar ikkje arbeidet som ferdig, så eg tar gjerne i mot innspel. Det er på ingen måte for seint å gjere endringar om ønskjeleg. Versjon 4.2.0.3, som eg brukar i dette arbeidet, er vel ikkje i bruk av så mange førebels. Truleg heller ikkje mange som brukar Logo eller veit om at Logo finst i LibreOffice. Sender til denne lista fordi eg reknar med at ordbruken i LibreLogo bør/må samordnast på nb og nn. Helsing Kolbjørn Stuestøl _______________________________________________ i18n-no mailing list i18n-no@lister.ping.uio.no <mailto:i18n-no@lister.ping.uio.no> https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no-- Olav Dahlum
PGP key ID: 0xCADFA17C
i18n-no mailing list i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no