I eit anfall av inspirasjon skreiv eg eit avsnitt om snarvegstastar til retningslinjene våre. Kommentarar er velkomne.
KDE-omsetjarar kan særleg leggja merke til den nye lenkja til Dr. Klash som eg snubla over i kveld :)
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes

Snarvegstastar

Du kan ofte bruka tastekombinasjonar til å hoppa direkte til menyar, knappar og andre element på skjermen: Alt + F opnar gjerne filmenyen, og Alt + O kan gje OK-knappen. Bokstaven du skal bruka er vist med strek under. Slike tastar kallar me snarvegstastar, sidan dei er ein slags snarveg til ulike stader i skjermbiletet.

Ideelt sett skal det ikkje finnast fleire snarvegstastar med den same bokstaven innanfor eitt skjermbilete. I praksis er det ofte vanskeleg å oppnå fordi skjermtekstane kan koma frå mange ulike stader i kjeldekoden. Her er nokre rettesnorer for korleis du kan velja bokstavar til snarvegstastane:

Vel helst «logiske» bokstavar. Den første bokstaven i det viktigaste ordet er ofte eit bra val: «Nytt vindauge»

Du kan ofte forutsjå konfliktar ved å prøva å tippa kva for programtekstar som vil opptre i det same skjermbiletet. Ofte står menyvala etter kvarandre i omsetjingsfila.

Unngå helst dei særnorske bokstavane æ, ø og å. Det er ikkje alle som har norsk tastatur.

Det er som sagt vanskeleg å unngå alle tastekonfliktar. Me har observert skjermbilete der nesten 40 element gjer krav på kvar sin snarvegstast. Korkje det engelske eller det norske alfabetet strekk til i slike tilfelle, og feilen bør rett og slett meldast til utviklarane av programmet.

Dr. Klash er eit kjekt verktøy som kan hjelpa deg med å finna tastekonfliktar i KDE-program. Du kan diverre berre bruka Dr. Klash i program som er ferdig omsette, men då kan du i det minste fiksa feilen til neste versjon.