su. den 16. 03. 2014 klokka 15.04 (+0100) skreiv Kolbjørn Stuestøl:
Språkfeil i norsk LibreOffice. Både brukargrensesnittet (97 426 ord) og hjelp for LibreOffice (437 842 ord) er språkleg svært omfattande. Mykje av dette er omsett til bokmål og nynorsk, men det seier seg sjølv at det i praksis er uråd å unngå feil. Så det hadde vore fint å få litt hjelp.
Minner om at ein kan bruka Pology-skriptet ‘check-rules’ til å finna mange språkfeil i omsettingsfilene automatisk. (Førebels er berre nynorsk støtta her.)
For øvrig veldig kjekt at det vert arbeida med omsettinga av LibreOffice til norsk. Det hender eg brukar programmet, og då er det veldig hyggeleg å sjå at det er på nynorsk.