I skriveprogram (særleg for programmering og slikt) finn me ofte ein funksjon som vert kalla 'highlighting'. Funksjonen markerer visse ord og konstruksjonar med fargar, slik at ein lettare får oversikt over C-kode, HTML eller kva det måtte vera.
I bokmåls-KDE er den direkte omsetjinga 'opplysing' brukt. På nynorsk har eg brukt 'syntaksmerking', som eg trur er litt meir forklarande. Men kva meiner de andre? Finst det kanskje eit tredje alternativ som er best?
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes
(... med nykompilert KDE 2.2.nesten1 og KMail på bokmål! Det hadde eg ikkje trudd for ei veke sidan, de har gjort kjempebra arbeid!)