Onsdag 3. september 2003 15:03 skreiv Åsmund Skjæveland:
Eg har omsett ATK til nynorsk, men eg er ikkje heilt sikker på alle omsetjingane. Det gjeld:
filler -> utfyllar
Kanskje berre «fyll»? (Men ikkje HSD-varianten ...)
html-container -> html-haldar
«HTML-rute»?
toggle-button -> vekslingsknapp
Ja, eller «av/på-knapp»?
header -> topptekst footer -> botntekst
Kjem an på samanhengen, eg veit ikkje korleis desse vert brukte. «Toppfelt» og «botnfelt» kan kanskje fungera dersom det er snakk om noko anna enn tekst.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes