Eg har omsett hjelpsidene i GIMP 2.10 (ikkje frigjeven førebels) om "Color management".
"Color management" er å bruke ulike fargemodellar for dei ulike media eller program som eit bilete skal visast på/med. Ein fargeskjerm kan bruke éin fargemodell, men når biletet skal sendast til skrivaren må ein bruke ein annan modell sidan skrivaren lagar fargane på ein annan måte enn skjermen gjer det. Det kan også hende at ulike skjermar for eksempel krev ulike fargestyringar for å vise korekte fargar.
Problemet er at dette er eit fagområde eg ikkje kjenner noko som helst til. Difor hadde det vore ønskjeleg om det i dette forumet finst nokon som veit (litt) meir om dette enn eg gjer.
Eg har lagt ut den engelske versjonen av sidene på http://www.stuestoel.no/temp/GIMP/en/gimp-image-save-color-profile-to-file.h... og den norske versjonen på http://www.stuestoel.no/temp/GIMP/nn/gimp-image-save-color-profile-to-file.h.... Hjelp for GIMP finst ikkje på bokmål, men grensesnittet er delvis omsett både til bokmål og nynorsk. Dermed gjeld omsetjinga av faguttrykka begge målformene. Av ein eller annan grunn er dei originale engelske biletfilene i maskinen min byt ut med norske. Eg skal endre dette så snart eg får det til.
Den engelske versjonen er ikkje finpussa, men det er ikkje temaet mitt. Den norske versjonen er ikkje språkvaska og sikkert ful av språklege feil, men det er ikkje det viktigaste denne gongen.
Dersom ønskjeleg, kan eg legge ut ei liste over «problemorda» her i forumet.
Helsing Kolbjørn