Den 27.03.2015 18:39, Karl Ove Hufthammer skreiv:
On 25. mars 2015 23:10, Kolbjørn Stuestøl wrote:
Men spørsmålet her er vel om AGGREGAT() er eit innarbeidd ord i fagmiljøet i denne samanhengen. Vil ei statistikar utan vidare forstå kva AGGREGAT() gjer, eventuelt med litt foklaring om kva ARG1 og Arg2 *må* og kva dei vidare argumenta *kan* innehalde?
Nei. Men funksjonen er jo berre ein annan måte å kalla GJENNOMSNITT, MIN, MAKS osv. på.
Dessutan må det vera AGGREGER(), ikkje AGGREGAT().
Eg har for øvrig sjekka kva tilsvarande funksjon heiter i dei mest brukte profesjonelle statistikkprogramma (som eg har tilgang til). Det er sjølvsagt ikkje nokon funksjon som er identisk, sidan Excel-funksjonen er ganske rar, men dette var dei funksjonane eg fann som var nærast i funksjonsnivå:
SPSS (menyval): Report Summaries
Stata: summarize
R: summarise, summarize (med group_by), summary, gsummary, summaryBy, by, aggregate
-- Karl Ove Hufthammer
Dette betyr vel at vi eigentleg kan kalle denne spesielle funksjonen kva vi vil? :-) Er svaret ja, er det vel då nærliggande å bruke eit ord som blir oppfatta som meiningsfullt.
Sidan både fagfolk og amatørar likevel må lære eit nytt ord, er vel SAMANDRAG(), som du føreslo, det enklaste og mest forståelege. Eg reknar med at det er den tydinga, eller kanskje (opp)samling, dei har lagt i ordet AGGREGATE då dette blei vald som namn på funksjonen. AGGREGER() (takk for rettinga) har jo den fordelen at det liknar mest på det engelske namnet på funksjonen, men i dette tilfellet er dette etter mitt syn mindre viktig. Sigmund Hansen seier i innlegget sitt at "aggregering" er i bruk i IT-miljøet mellom anna ved UiO for å lage statistikk. Ordet er altså i bruk, om ikkje innan faget statistikk. Likevel eit lite pluss for AGGREGER().
Så framleis er eg usikker på kva nemning som er best her.
Helsing Kolbjørn Stuestøl
i18n-no mailing list i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no