Karl Ove Hufthammer skreiv 22.02.2026 16:28:
Jeg har i hvert fall fått tatt en titt på den nå mens jeg pusset opp en Okular-oversettelse jeg startet på i morges. Ting som "Zoom" → "Skaler" er uvant for meg, men burde gå veldig lett for meg å venne meg til.
Hm, «skaler» høyrest ikkje heilt riktig ut. For verbet brukar me vel helst «forstørr»/«forminsk» eller «vis større»/«vis mindre».
Eg har undersøkt dette litt meir. I juli 2002 vart fellesordlista gjennomgått, og det vart då pepeikt at «skalere», som då stod som omsetjing av «zoom», var feil:
Dette er feil. Zoom-funksjonen endrer bare utseendet, den *viser* større/ mindre. (I motsetning til det å virkelig gå inn å endre på størrelsen på selve bildet).
Den 29. juli melde eg derfor inn ei retting av denne oppføringa, saman med revisjon av mange andre:
https://gitlab.com/l10n-no/l10n-no-dok/-/commit/f2908618c10546b99673cad652cf...
Me brukte ikkje UTF-8 då, så det er litt trøbbel med vising av æ, ø og å, men oppføringa for «zoom» vart altså endra frå
skalere, endre størrelse, zoom, (forminsking/forstørring), forstørr, zoom
til
forstørre, vis større/mindre
Loggmeldinga var:
- Fiksa litt på formatering (*ikkje* bruk tabulatorar) - Ny kontaktinformasjon - Oppdatert resten av orda
Dette var tydelegvis før vanleg praksis med at førstelinje i loggmeldinga skulle vera eit samandrag og resten av linjene utdjupande informasjon, så på GitLab ser det no litt rart ut. Og sjølvsagt burde desse tre endringane vore delte opp i tre separate innmeldingar. (Men det er mykje lettare med Git, som me no har, enn med CVS, som me då brukte.)
Men den 22. april 2005 vart oppføringa endra tilbake, til «skalere, vise større/mindre»:
https://gitlab.com/l10n-no/l10n-no-dok/-/commit/a2c78a961886ac4aa8cc04a9cbc0...
Anar ikkje korfor, og han som melde inn endringa var jo ein av dei som cirka tre år tidlegare hadde påpeikt at «skalere» var feil.
Uansett har eg no tilbakestilt til det me vart einige om i juli 2002: https://gitlab.com/l10n-no/l10n-no-dok/-/commit/642114e4628581b8828862a30add...
Det er forresten ikkje slik at «skalere» *alltid* er feil. Eg ser for eksempel i at eitt program er «Zoom factor:» (etterfølgt av ein prosentverdi) omsett til «Skalering:», og det fungerer jo veldig bra (mykje betre enn «Forstørringsfaktor:» eller noko liknande). Men «skalere» bør ikkje vera *standardomsetjinga* av «zoom».