Eg prøver å vaska Launchpad si omsetjing av Rhythmbox og leggja oppstraums. Støytte på følgjande setning:
Could not create a GStreamer sink element to write to %s
Omsetjinga som låg inne var:
Klarte ikkje å oppretta GStreamer-avløpselement for å skriva til %s
Er dette rett? Evt. betre framlegg til forklaring av "sink"?
(Einskilde program, dvs. Evolution med venner, har mange(!) strengar med programmeringstekniske ord som skapar krøll. Er det nokon generell regel for korleis slike skal taklast?)