Eg prøver å vaska Launchpad si omsetjing av Rhythmbox og leggja oppstraums. Støytte på følgjande setning:
Could not create a GStreamer sink element to write to %s
Omsetjinga som låg inne var:
Klarte ikkje å oppretta GStreamer-avløpselement for å skriva til %s
Er dette rett? Evt. betre framlegg til forklaring av "sink"?
(Einskilde program, dvs. Evolution med venner, har mange(!) strengar med programmeringstekniske ord som skapar krøll. Er det nokon generell regel for korleis slike skal taklast?)
*Åsmund Skjæveland:

Tipper ordet kommer fra grafteori (eller andre matematiske felter), og da er vel den kanoniske norske oversettelsen «sluk». Det er vel i beste fall like vanskelig å forstå for en ikke-matematiker.
Google fant denne, som sikkert er praktisk: URL:http://www.uio.no/studier/emner/matnat/ifi/INF-MAT5360/h08/undervisningsmateriale/ordliste.pdf
Laurdag 3. juli 2010 skreiv Åsmund Skjæveland:
Klarte ikkje å oppretta GStreamer-avløpselement for å skriva til %s
Er dette rett? Evt. betre framlegg til forklaring av "sink"?
«sink» er motstykket til «source». Ting går frå «source» til «sink». Aktuelle omsettingar er altso «mål», «uteining», «ut-», omskriving, eller i verste fall (i svært tekniske samanhengar) «sink».
I K3b har me for eksempel omsettinga:
Select the sound sink to be used for GStreamer output. Vel lydeininga som skal brukast til utdata frå GStreamer.
(Utan at eg skal påstå det er ei veldig god omsetting.)
Laurdag 3. juli 2010 skreiv Åsmund Skjæveland:
(Einskilde program, dvs. Evolution med venner, har mange(!) strengar med programmeringstekniske ord som skapar krøll. Er det nokon generell regel for korleis slike skal taklast?)
Ja: Spør her på lista.