Hei
Axel hadde litt problem med å setja opp jamføringsomsetjinga i KBabel under utviklarsamlinga. No har eg oppgradert til KDE 3.2 også, og eg har same problemet med å setja opp jamføringsomsetjinga. Har du eller nokon andre funne ei løysing på problemet?
Problemet er altså at KBabel ikkje klarer å tolka variablane @DIR1@ og @PACKAGE@ i stigen til jamføringsomsetjinga. Dette fører til at eg må skriva inn ny absolutt stig for kvar nye fil eg jobbar med.
Helsing Håvard