Kolbjørn Stuestøl skrev:
(Mine forslag til norske ord er sett mellom ' og ' med det engelske uttrykket i parentes.)
GIMP har eit fyldig 'verktøyskrin' (toolbox) med mange verktøy og mange 'innstillingar' (Tool Options) for desse. Mange verktøy bruker såkalla 'modustastar' (Key modifiers), dvs. <Shift>, <Ctrl> og <Alt>. Dersom du held nede ein eller fleire av desse, vil verktøyet forandre oppførsel, dvs. skifte til ein annan modus. Dersom du t.d. har sett viskelêret til normalt å viske ut, kan du halde nede Alt-tasten for å få det til å viske inn. For markerings-/utvalsverktøya bestemmer modustastane korleis den nye markeringa skal blandast saman med eksisterande utval. I hjelp for GIMP har eg kalla modustastane for 'tastekombinasjonar'(Key modifiers). Altså inkonsekvent. (Originalen er heller ikkje heilt konsekvent, og kallar av og til modus for type. Eller var det omvendt?).
Igjen er Fellesordlista din venn: modifikator key -s valgtast
Ein del verktøy opererer med såkalla 'fjørkantar' (Feather Edges). [Fellesordlista: feather -v : lag myk kant]. Lager ein mjuk overgang mellom to fargar eller mellom markert/umarkert område. Breidda på fjørkanten er valfri.
Myke kanter er da greit nok, det?
Eit anna val er 'Krymp utvalet/markeringa automatisk' (Auto Shrink Selection). Markeringa vil bli omgjort til eit høveleg rektangel ut frå nærare kriteriar. Dersom 'markeringsfletting' (Sample Merged) er aktivisert, vil GIMP hente informasjon til krympinga frå alle dei synlege laga i bildet.
Synes dine formuleringer/valg ser gode ut.
I baneverktøyet har eg vald å bruke innstillinga 'Design (lag ny)' ut frå tankegangen at 'design' er eit innarbeidd ord på norsk. For å avgrense tydinga, har eg lagt til (lag ny).
Design som verb er ikke noe særlig godt synes jeg. Å lage, skape, opprette e.l. er bedre og forståelige nok vil jeg tro.
Noen av verktøya kan bruke 'mønsterelement' (Pattern). [I fellesordlista står det "mønster" for "pattern"]. Eg valde "mønsterelement" fordi GIMP bruker desse mønstera til å lage mønster, eller altså betre: desse mønsterelementa til å lage mønster. Tapetmønsteret er sett saman av mange, like mønsterelement. I det farget heiter det vel forresten at mønsteret er sett saman av rapportar, men det tykte eg var for spesielt.
Ok. Høres bra ut, det.
Fargane kan ha ulik 'dekkevne' (Opacity). 100 % dekkevne betyr at fargen skjuler alt under, 0 % dekkevne betyr at fargen er usynleg. (Kjekt å ha faktisk). Tykte «opasitet» blir noe spesielt.
Ja, dekkevne er bedre.
I innstillingane for kloneverktøyet har eg omskrive nokså mykje: 'Fast punkt' (Non-aligned). Kjelda for kloninga er det same punktet heile tida. 'Relativt' (Aligned). Avstanden og vinkelen mellom kjelda og målet er heile tida den same. 'Direkte' (Registered). Kjelda er like under målet. Brukt for å klone frå eitt lag til eit anna.
Høres bra ut, så vidt jeg kan se.
Dei fleste andre orda i innstillingane har vore diskuterte tidlegare, er oppførte i Fellesordlista eller er vanlege ord i vanleg meining. Håper noen har synspunkt på forslaga. Brukbare, eller totalt på jordet? For ordens skuld: dette er forslag til *norsk* versjon, ikkje bokmål/nynorsk.
Det ser greit ut dette :-)
Mvh Axel Bojer