Eg har lyst til å vera med og omsetja fri mjukvare til nynorsk. Av omsyn til vekttalskverna vil eg helst ha noko som ikkje må vera ferdig omsett til i går. Eg ser på framdriftsplanen for omsetjing (som av ein eller annan grunn ligg på developer.skulelinux.no i staden for i18n.skulelinux.no (og strengt tatt er i18n prosessen med å gjera eit program i stand til å bruka fleire språk og ulike lokale tilpassingar, medan l10n er sjølve omsetjinga og den lokale tilpassinga (men kven bryr seg))) at nynorske hjelpetekstar er nokså forsømde, so eg kan jo hiva meg på her, t.d. på Konqueror eller kstars eller gperiodic eller noko slikt. Eg har lite bandbreidde tilgjengeleg for tida, så det blir litt vanskeleg for meg å vera 100% oppdatert på alle programma heile tida.