* Kjetil Torgrim Homme (27. des 2007 23:12):
eigentleg ser eg ikkje kva ekstra presisjon vi får med "sideflate" kontra "flate", heller -- Erik kan kanskje forklare?
Som sagt meiner eg at "flate" er greitt nok der det ikkje kan misforståast, og det kan godt vera at det er dei fleste stader. Men det som ligg i "sideflate" er at ho avgrensar eit polyeder, dvs. ein mangesida romfigur. Det ligg ikkje nokon slik implikasjon i ordet "flate". Eg vil tru at berre "side" er det vanlegaste i daglegtale: "ein terning har seks sider".
Erik