I kveld har eg for første gong bygd OpenOffice.org med dei nye bokmålsomsetjingane. Eit par skjermbilete ligg på <URL: http://developer.skulelinux.no/~gautehk/ >. (Innimellom er det eit par svenske ord som ikkje skulle vore der. Eg veit ikkje kvifor, det er eit byggproblem. Skal sjå på det i morgon.)
Før de spør: Nei, dette er ikkje skikkelege Debian-pakkar. Det er ikkje ein gong skikkelege bokmålspakkar. (Ei lang historie, kortversjonen er slik: No i kveld får de berre skjermbileta.)
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes