2001-10-15 20:29:35, Kjetil Torgrim Homme kjetilho@linpro.no:
Direkte omsett vert det "ta igjen (det tapte, forspranget)", men eg trur noko slikt som "merke alt som lest" er meir intuitivt utan å vere så mykje tyngre språk. Dette alternativet passar sannsynlegvis berre for njuslesarar,
Jepp.
eg må innrømme at eg ikkje heilt forstod kva "catch up mode" i sitecopy gjorde for noko.
Eg skal prøva å forklara.
'sitecopy' er eit program for opplasting av nettstadar. Vanligvis må du sjølv finna ut kva sider/filer som er oppdaterte, sletta, flytta &c., og lasta desse opp til FTP-tenaren. 'sitecopy' gjer dette heilt automatisk for deg, basert på filnamn og dato/klokkeslett eller MD5-kontrollsum. (Eg har ikkje ord for kor kjekt og praktisk dette er!)
Når du først tar i bruk 'sitecopy', kan du gjera det på fleire måtar. Viss FTP-tenaren er tom, kjører du:
sitecopy --initialize // Sett status som 'tom' sitecopy --update // Lastar opp alle filene frå harddisken
Av og til har du sidene lagra på FTP-tenaren, men ikkje lokalt (pga. harddiskkrasj), eller berre har nokre av filene lokalt (fordi du har oppdatert nettstaden frå andre maskiner). Då kjører du:
sitecopy --fetch // Lagar lister over alle filene på FTP-tenaren sitecopy --synchronize // Lastar ned og opp filer
I mange tilfeller har du heile nettstaden oppe på FTP-tenaren (lasta opp ved hjelp av andre program) og lokalt. Då kjører du:
sitecopy --catchup
Denne kommandoen seier til programmet at det lokale og fjerne filtreet er identiske. Ingenting blir lasta opp eller ned, men ei oversikt over filene på FTP-tenaren blir lagra[1] (informasjonen om filene blir henta lokalt). Viss du seinare legg til eller endrar filer lokalt, kjører du som vanlig:
sitecopy --update // Lastar opp nye eller endra filer
Vart det noko klarare no?
Eg ser forresten at du er nemnt som ein av omsetjarane av standard-kommandolinjeprogramma til Linux. Kva er status for dette? (Eg ser eg får 'gettext' på nynorsk.)
[1] Kvar nettstad har ei fil med informasjon om alle filene på denne nettstaden, med namn, dato og ev. kontrollsum. Denne blir alltid lagra lokalt.