Kjetil Torgrim Homme skreiv 01.10.2024 18:04:
Både skrivemåten Allheimen og allheimen er mykje brukt. Eg tilrår Allheimen, dvs. at me behandlar det som eit særnamn, akkurat som Internett.
generelt brukar vi vel ikkje å omsetje eigennamn?
Tja, tenker du *generelt* for norsk eller spesifikt for teknologi? På norsk er det lang tradisjon for å omsetja nokre typar særnamn, eks. namn på land (Deutschland) og kunstverk (Måneskinssonaten). Når det gjeld omsetjing av namn på dataprogram, har me eit eige avsnitt om dette i dei språklege retningslinjene våre:
https://l10n-no.gitlab.io/l10n-no-dok/retningslinjer.html#omsetjing-av-progr...
Når det gjeld omsetjing av namn på teknologi, skjer det vel av og til, men ikkje så ofte. Det eg kjem på i farten, er Bluetooth, som av og til vert kalla blåtann på norsk. (Litt uheldig, då Bluetooth er eit registrert varemerke.)
eg vil tilpasse ordet til norsk grammatikk (dvs. gjere The om til -et) og kalle det "Fediverset". litt tilsvarande at vi la til ein "t" til Internet for at uttalen ikkje skal vere med lang e-lyd.
Og bra var det! Eg gjekk i fleire år og trudde det vart uttalt «intérnet». Dei første åra vart det nemleg skrive «internet» òg på norsk (usikker på om det var stor i) i bladet PC World Norge, som var einaste plassen eg (via mitt lokale folkebibliotek) fekk kjennskap til Internett. Eg tolka det sjølvsagt som bunden form eintal av det litt mystiske inkjekjønnsordet «intern» … ;)
[…]
Når det gjeld verbet «federate», adjektivet «federated» og verbalsubstantivet «federation», kan me bruka «å føderera», «føderert» og «føderering» på norsk. Men ein kan med fordel omskriva, med ord som «binda saman»/«bunden saman», «kopla saman», «snakka saman» eller «samarbeid(a)».
einig. vi har nok av overlappande bruk av "binde saman" og "kople saman", så for*teknisk* dokumentasjon vil eg gjerne behalde "føderering" og tilhøyrande avleidde ord.
Ja, det er greitt å skilja mellom teknisk dokumentasjon, der ein må vera presis, og meir brukarretta tekst, der det ikkje er nødvendig, og der det er viktigare at det er *forståeleg*. Jamfør for eksempel ordet URL, som passar bra i teknisk samanheng (der ein kanskje vil skilja det frå for eksempel URN og URI), men som ein i brukarretta tekst (ofte, ikkje alltid) heller kan kalla «nettadresse» eller berre «adresse». Det er lettare for brukaren å forstå.
Eksempelvis har eg omsett
Lemmy is federated, so you can interact with everything that you see on lemmy.ml, even if you are registered on another instance.
til
Lemmy-instansane snakkar saman, så du kan fullverdig delta med alt på lemmy.ml sjølv om du er registrert på ein annan instans.
(Er ikkje heilt fornøgd med formuleringa «delta med alt på», men det er ei anna sak.)
Synspunkt på noko av dette?
kva er Lemmy eigentleg? er det ein Mastodon-implementasjon?
Nei. Kort forklart:
Lemmy ≈ Reddit Mastodon ≈ Twitter (altså X)
synest denne teksten burde forklart det - men det må jo fiksast i originalen.
Det var no berre éin (brukarretta) tekst *av mange* som meint å forklara kva Lemmy er. Poenget mitt der var berre at ein godt kunne bruka «snakka saman» i staden for «federated» (i den, ikkje-tekniske, samanhengen).
Det er fleire andre tekstar på same side som forklarar det i meir detalj. Eksempel:
Lemmy er ein sosial lenkjesamlar og ei diskusjonsplattform. Programvara er heilt fri og open, kan installerast på ditt eiga system, og er ikkje kontrollert av noko kommersielt selskap. Dette gjer at det ikkje er reklame, brukarsporing eller hemmelege algoritmar. Innhaldet er organisert i ulike interessefellesskap, slik at det er lett å abonnera på dei emna du er interessert i og ignorera andre. Ein kan røysta for å få det mest interessante innhaldet lett synleg.
ein detalj frå engelsken: "Lemmy is federated" er ikkje nødvendigvis refleksiv - det kan tyde at Lemmy er føderert inn i eit heilt anna rammeverk, og det er vel tilfellet her. derfor verkar den norske omsetjinga litt eksluderande på tydinga.
Den engelske originalteksten er kanskje ikkje perfekt, men her er ikkje tydinga at Lemmy er føderert inni eit anna rammeverk*, men heller at kvar Lemmy-tenar kan «federate» med andre Lemmy-tenarar. Så viss du skriv eit innlegg på *din* Lemmy-tenar, kan eg likevel både lesa og kommentera på det sjølv om eg er på ein annan Lemmy-tenar. Dette i motsetning til Reddit, som er ei avsondra «øy».
* Men Lemmy brukar rammeverket ActivityPub, akkurat som Mastodon gjer.