On Fri, 30 Jul 2004 00:51:56 +0200, Herman Robak herman@skolelinux.no wrote:
On Fri, 2004-07-30 at 00:37, Gaute Hvoslef Kvalnes wrote:
I eit anfall av inspirasjon skreiv eg eit avsnitt om snarvegstastar til retningslinjene våre. Kommentarar er velkomne.
Dette koster betydelig arbeid, og er beheftet med feil. Burde ikke snarveistastene bli generert automatisk, slik at kollisjonene kunne bli eliminert en gang for alle?
Nei, nei, nei!
Det er *mykje* betre at omsetjarane gjer arbeidet enn at ein skal la maskinene styra det. Det er ein del arbeid for omsetjarane å sjekka snarvegane når ein set om første gongen, men versjonane etterpå er lette å vedlikehalda.
Eit spørsmål i samband med auto-tildeing av snarvegar er om ein då òg vil kunna ta omsyn til OS- og språkspesifikke krav (norsk Windows: snarvegen V for Vis, mens Vindauge får snarvegen N og så bortetter). Det programmet eg arbeider mest med har dessverre gått over til auto-tildeling og resultatet er mindre kjekt for personar som nyttar tastatur då snarvegane ikkje lenger samsvarer med Windows-standarden (de facto).
Med helsing Y J Landro