Tysdag 5. april 2011 skreiv Ole Andreas Utstumo:
Det er vel på høg tid å ta «app» under lupa. Like god på norsk? Finn vi eit kortstava alternativ som ikkje vil forvirre? «Program», rett og slett?
Det er jo det der er, men trur me bør/må bruka «app» på norsk òg. (Det er vanskelig nok å symja mot straumen, men å bruka noko anna enn «app» vil heller vera som å prøva å symja mot ein tsunami …)
Det vert hankjønnsord: ein app – fleire appar
Men me kan i det minste uttala det på norsk vis, altso /app/, ikkje /æpp/. :-)