Den 11. apr 2011 21:57, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Måndag 11. april 2011 skreiv Åsmund Skjæveland:
I PO-filene til gettext-runtime og gettext-tools står det "Content-Type: text/plain; charset=ISO-8859-1\n" i filhovudet, men filene er koda i UTF-8. Dermed blir norske vokalar og hermeteikn lite vakre. Eg har sendt inn retta fil til Launchpad/Ubuntu, men eg kan ikkje utan vidare retta det i TP.
Det er Eirik U. Birkeland som sist har arbeida med desse filene. Sender kopi av denne e-posten til han.
Det er for øvrig litt dumt at du har endra fila i Launchpad. Det medfører at alle framtidige forbetringar i den offisielle omsettinga ikkje vil verta tilgjengelig for *buntu-brukarar. Dei omsettingane som no er der vil altso vera fråkopla den offisielle omsettinga for all framtid.
Rettinga mi vart avvist, så det er ikkje noko problem enno :) Men viss eg eg har skjønt det rett så er dette endra slik at dette er gjort meir fornuftig no: Dersom omsetjinga i Ubuntu og oppstraums er ulike men på eit tidspunkt vert like att fordi anten oppstraums- eller Ubuntu-omsetjinga endrar seg, så vil Ubuntu igjen følgja oppstraums.