Hadde tidlegare eit spørsmål om hjelp til språkvask m.m. Sidan det ikkje er komen noen respons, stilte eg kanskje spørsmålet i feil forum eller på feil måte. Eg prøver igjen:
1.. Er det noen som kjenner til kvar eg skal vende meg for å få hjelp til språkvasking av "Hjelp for GIMP"? 2.. Er det noen som kjenner til kvar eg skal vende meg for å få hjelp til å samordna bokmåls- og nynorskversjonen av GIMP? 3.. Snartastane i GIMP følgjer førebels engelsk mønster. Bør også desse "omsetjast" til norsk? Burde kanskje heller vente til etter feriemånaden med slike ting?
Hjelp for bildebehandlingsprogrammet GIMP (http://docs.gimp.org/no/) er nå nokså ferdig omsett til norsk (nynorsk). (Finst ikkje på bokmål). Dessutan har eg også omsett sjølve GIMP til nynorsk. Denne omsettinga skil seg ein del ut frå bokmålsversjonen med omsyn til val av fagtermar.
Nynorskversjonen følgjer med noen få avvik nokså strikst "Fellesordlista" sine forslag, noe bokmålsversjonen bare gjer delvis. I tillegg har eg prøvd å halde meg mest mogleg til innarbeidde fagtermar frå andre fargområde så langt eg har kjennskap til dei. Reknar likevel med at eg har bomma i noen tilfelle.
Førebels har eg ikkje lagt ut nynorskforslaget i GIMP sine nedlastingsfiler. mo-filene for GIMP er likevel tilgjengelege frå http://home.online.no/~kol-stue/gimp/nn/ (rettleiing om korleis legge dei inn i GIMP på http://home.online.no/~kol-stue/gimp/gimp.html). Skulle det vere behov for det, kan eg også legge ut mo-filene.
GIMP er etter kvart på veg inn i m.a. skoleverket, og då er det greitt å ha utarbeidd fagtermane før programmet blir alt for mykje utbreidd.
Helsing
Kolbjørn
Kolbjørn Stuestøl Stuestøl N4580 Lyngdal webside: http://home.online.no/~kol-stue/