Den 25.03.2015 00:23, Kjetil Kilhavn skreiv:
Mandag 23. mars 2015 23.04.32 skrev Karl Ove Hufthammer:
Men eg står på mitt forslag, og synest SAMANDRAG passar bra. MENGD(E) er *ikkje* eit godt namn på funksjonen, sjølv om norsk Excel har brukt det.
Aggregering er et etablert uttrykk innen statistikken. Jeg synes det bør veie tungt i vurderingen her som i andre sammenhenger der vi prøver å ikke forvirre brukerne ved å introdusere nye begreper om vi ikke må.
Ja, så absolutt. Dei fleste som bruker desse funksjonane vil kjenne igjen funksjonsnamnet og kva funksjonen gjer, dei som ikkje gjer det, vil lære eit innarbeidd namn. Så her bør vi høyre på dei aktuelle brukarane.
Men, det ser ut til at funksjonen AGGREGATE() eigentleg er ein samlefunksjon som utfører ulike statistiske oppgåver bestemt av det første argumentet, som kan vere frå 1 - 19. AGGREGATE(1;;A1:A10) ser ut til å gjere det same som GJENNOMSNITT(A1:A10) AGGREGATE(5;;A1:A10) = MIN() AGGREGATE(14;;A1:A10;3) = N.STØRST() (Finn her den 3. største verdien) osv. (Kva argument 2 gjer, har eg ikkje funne ut av førebels). Passar dette med aggregering?
Under omsetjinga har eg framme dansk, tysk, svensk og bokmål i tillegg til nynorsk. Tysk bruker konsekvent aggregat, dei andre bruker litt ulike omskrivingar. Litt tilfeldig eksempel frå hjelpfilene for LibreOffice versjon 4.4: Setninga "Select the aggregate function" er omsett slik: Dansk: "Marker den sammenfattede funktion". Også "sammensatte funktioner" brukt. Tysk: "Wählen Sie die Aggregat-Funktion". Bokmål: "Velg resultatmengdefunksjonen". Svensk: "Välj summeringsfunktion". Også "aggregatfunktioner", "summeringsfunktioner" brukt. Nynorsk: "Vel resultatmengdefunksjonen".
Helsing Kolbjørn