Samling på St. Paul skole i Bergen 10.-12. juni 2005
Omsetjarar:
Axel Bojer Jørgen Grønlund Gaute Hvoslef Kvalnes Cecilie Wian Øivind Holm Eivind Magnus Hvidevold
Arbeid:
- KOffice 1.4 skal ut om nokre dagar, så me har gjort ferdig dei viktigaste bitane på bokmål og nynorsk.
- Denne gongen kom det tre nye omsetjarar: Cecilie, Øivind og Eivind.
- Axel gjorde språkvask i KDE, jobba litt med fellesordlista og rettleidde dei nye omsetjarane. Han arbeidde òg med gruppa som planlagde ein enklare menystruktur i Skolelinux.
- Gaute jobba mest med KOffice og Kopete, og litt med KDE-spela og andre småting i KDE.
- Jørgen omsette nokre av filene i kdepim.
- Cecilie gjorde ferdig nokre av KOffice-programma.
- Eivind har omsett ein del av KStars på nynorsk
- Mark Shuttleworth frå Ubuntu var innom og presenterte det nettbaserte omsetjarverktøyet Rosetta. Han var interessert i korleis me brukar KBabel, for han vil gjerne gjera Rosetta så bra som råd. I løpet av laurdagen implementerte han jamføringsomsetjingar i utviklingsversjonen sin av Rosetta. Dette er ein nyttig funksjon i KBabel som gjer at omsetjarane kan samanlikna med andre språk dei kjenner til.
- Omsetjarane heldt til på eit eige rom, så arbeidet gjekk effektivt utan forstyrring eller større dataproblem. Verten og arrangørane har gjort ein kjempejobb!
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes