Den 13.05.2021 14:07, skreiv Kjetil Torgrim Homme:
On Thu, 2021-05-13 at 08:42 +0200, Karl Ove Hufthammer wrote:
Jo. På https://help.libreoffice.org/7.2/nn/text/shared/01/formatting_mark.html
står det:
Word Joiner Set inn eit usynleg mellomrom i eit ord. Dette mellomrommet gjer at heile ordet vert halde saman utan å verta delt på slutten av ei linje.Dette er berre tilgjengeleg når kompleks tekstutforming (CTL) er slått på.
Det er eigentleg ei ganske misvisande forklaring. Det set jo ikkje inn eit mellomrom i det heile teke. Heile poenget er jo at teiknet ikkje tek opp plass.
Veldig einig. Burde brukt "merke" eller liknande ord i staden for "mellomrom" i forklaringa.
Amen. Dette skal eg fikse. Kan hende eg sender ei melding til dei som skriv handboka også om dette,
Er nok omsett direkte frå engelsk utan å kontrollere kva teiknet eigentleg gjer eller korleis det oppfører seg. Reknar med at eg kjem til å bruke «teikn» i staden for «mellomrom/merke». Det er jo ein bokstav/eit teikn som ikkje kan skrivast ut synleg.
Helsing Kolbjørn