Sigmund Hansen skreiv 28.04.2020 13:46:
Det er ikke nødvendigvis noen betydningsforskjell, men for noen verb på norsk gir vi betydningsforskjell til forskjellige nominaliseringer: "bygging" vs "bygning". Men du kan studere navigasjon eller navigering (som i sin opprinnelige betydning er å finne plassering og kurs til sjøs). Begge deler vil si å studere hvordan man navigerer.
Ja, det er klart at -ing-ord peikar meir på handlinga og -sjon-ord meir på resultatet av handlinga, eks. «isolering»/«isolasjon», «permutering»/«permutasjon», «nominering»/«nominasjon» (sjølv om -sjon-variantar òg vert brukte om handlinga).
Så er spørsmålet kva som er den *vanlege* formuleringa i *samansette* ord på norsk. Snakkar me om «nomineringsmøte» eller «nominasjonsmøte»? Og no har eg gjort det eg burde ha gjort tidlegare, nemleg å slå opp i ordboka. Og då er det klart at det er -sjon-varianten som vert brukt. Eksempel:
eksplosjonsfare (ikkje eksploderingsfare) vibrasjonsdempar (ikkje vibreringsdempar) navigasjonssystem (ikkje navigeringssystem)
Når det er -ing-ord, er det snakk om ord som ikkje *har* noko tilsvarande -sjon-variant:
bergingsfartøy evakueringsordre varslingssystem
Så då er konklusjonen (ikkje konkluderinga!) at det bør verta «navigasjonslinje» på norsk.