Eivind Ødegård skreiv 09.02.2022 11:01:
Den 09.02.2022 10:46, skreiv Øystein Steffensen-Alværvik:
Android er jo bygd opp av både open kjeldekode frå «Android Open Source Project» («AOSP»), samt Google sine proprietære løysingar (dette gjeld for så vidt også Chrome).
Det er vel AOSP som må koma fyrst. Andre og meir velrøynde omsetjarar kan sikkert svara på kvifor me ikkje har eit nynorskprosjekt for AOSP, men eg mistenkjer at det er slik eg skriv: Miljøa er for små (rett meg viss eg tek feil). Me treng at td. Mållaget sjølv tilset omsetjarar som jobbar med nynorsk, kvensk og samiske språk på fulltid. AOSP bør vera ein grei stad å byrje, tenkjer eg.
Då vil eg nemna at eg i fleire år har brukt Android-mobilen min på nynorsk. Ikkje Android sjølv, men *appane*. Med Android kan du no spela leik-og-lær med GCompris, teikna med Tux Paint, kappkøyra med SuperTuxKart, kartlegga verda med StreetComplete eller høyra på lydbøker med AudioAnchor – alt på nynorsk. Er du på jakt etter meir fri programvare, kan du installera det med F-Droid, som òg er på nynorsk.
Eg måtte rett nok omsetta programma sjølv for å få det slik, men det er jo litt av vitsen med fri programvare. Ein kan ikkje venta at andre skal gjera jobben for deg. (Og no når jobben først er gjort, er programma tilgjengelege på nynorsk for *alle*; det er berre velja nynorsk som føretrekt språk i innstillingane.)