On 20 Jun 2021, at 11:10, Petter Reinholdtsen wrote:
[Karl Ove Hufthammer]
Førebels har eg landa på det litt tekniske «haptisk tilbakemelding», men tar gjerne imot betre forslag.
Mine forslag er 'fysisk respons' eller 'fysisk tilbakemelding'.
Det er snakk om å få ei kjensle av dei fysiske kreftene. Det kan vera andre typar tilbakemelding i spelet som også er fysisk. Dermed er det upresist å snakka om «fysisk respons», meiner eg. Føremona med ordet «feedback» er kanskje at enkelte brukarar vil ha behov for å få «force feedback» på annan måte enn gjennom eit dirrande ratt - det kan i prinsippet vera snakk om ein brukar som ikkje er i stand til å merka fysisk dirring, anten av praktiske årsaker eller av funksjonshemmingsårsaker. Men respons er eit nokså nøytralt avløysingsord det også.
Nokre framlegg:
* fysisk kraft-respons * fysisk kraft-effekter * fysisk kraft (alt etter kontekt kan dette kanskje vera nok)