Hei!
Har nokon forslag til kva me kan kalla «force feedback» (i vid forstand) i spelsamanheng på norsk? Det er snakk om vibrering og følt motstand i den fysiske eininga ein brukar til å styra spelet. I eit bilspel kjenner ein for eksempel kraftig vibrering i rattet (eller styrespaken eller spelkontrollaren) når ein krasjar, ulik vibrering på ulike vegdekke eller motstand i rattet i krappe svingar.
Ser ut til at folk flest berre brukar «force feedback» på norsk òg, men det hadde vore fint å hatt eit forståeleg norsk uttrykk.
Microsoft har så vidt eg kan sjå berre éin tekst (for Xbox 360) der uttrykket er omsett. Der er «Force Feedback Wheel» blitt til «Hjul med effektsimulering». Eigentleg er ikkje «effektsimulering» så dumt tenkt, men det er veldig vagt. Viss ein i innstillingane i eit bilspel ser ein avkryssingsboks med «Effektsimulering», kan det jo vera snakk om kva som helst – simulering av vêr-/regneffektar, for eksempel. (Ei anna sak er at Microsoft ikkje forstod at det var snakk om eit *ratt*, ikkje eit hjul.)
Førebels har eg landa på det litt tekniske «haptisk tilbakemelding», men tar gjerne imot betre forslag.
[Karl Ove Hufthammer]

Mine forslag er 'fysisk respons' eller 'fysisk tilbakemelding'.
Den 20.06.2021 10:48, skrev Karl Ove Hufthammer:

Vibrasjon (rumble) som finnes i en håndkontroller, regnes gjerne ikke som "force feedback". I hvert fall ikke ut fra APIer og drivere, mens en flystikke eller ratt og pedaler som gir motstand, rykker, napper og rister, har ganske avanserte muligheter for å bevege disse, har "gamepads" som regel bare styring av frekvens.

Hjul. :')

"Haptisk" i spillkontrollersammenheng brukes gjerne om avanserte aktuatorer. For eksempel har berøringsflatene på Steam-kontrolleren "haptic feedback" som kjennes ut som noe som slår svakt mot fingertuppen, istedenfor at kontrolleren rister.
Teknisk sett regnes både "force feedback", vibrasjonsmotorer og andre aktuatorer som haptiske teknologier, så det er teknisk sett et godt begrep, men jeg lurer på om mange "gamere" kan farges av hvordan uttrykket har blitt brukt av produsenter på engelsk.
Likte for så vidt Petters forslag, selv om haptisk er mer rettet mot berøringssansen. Jeg foretrekker også "respons" over "tilbakemelding", jf. Petters "fysisk respons". Kan jo kanskje fungere med "haptisk respons" også.
- Sigmund
On 20 Jun 2021, at 11:10, Petter Reinholdtsen wrote:
[Karl Ove Hufthammer]
Førebels har eg landa på det litt tekniske «haptisk tilbakemelding», men tar gjerne imot betre forslag.
Mine forslag er 'fysisk respons' eller 'fysisk tilbakemelding'.
Det er snakk om å få ei kjensle av dei fysiske kreftene. Det kan vera andre typar tilbakemelding i spelet som også er fysisk. Dermed er det upresist å snakka om «fysisk respons», meiner eg. Føremona med ordet «feedback» er kanskje at enkelte brukarar vil ha behov for å få «force feedback» på annan måte enn gjennom eit dirrande ratt - det kan i prinsippet vera snakk om ein brukar som ikkje er i stand til å merka fysisk dirring, anten av praktiske årsaker eller av funksjonshemmingsårsaker. Men respons er eit nokså nøytralt avløysingsord det også.
Nokre framlegg:
* fysisk kraft-respons * fysisk kraft-effekter * fysisk kraft (alt etter kontekt kan dette kanskje vera nok)
On 28 Jun 2021, at 21:14, Leif Halvard Silli wrote:
On 20 Jun 2021, at 11:10, Petter Reinholdtsen wrote:
[Karl Ove Hufthammer]
Førebels har eg landa på det litt tekniske «haptisk tilbakemelding», men tar gjerne imot betre forslag.
Mine forslag er 'fysisk respons' eller 'fysisk tilbakemelding'.
Nokre framlegg:
- fysisk kraft-respons
- fysisk kraft-effekter
- fysisk kraft (alt etter kontekt kan dette kanskje vera nok)
På nynorsk sjølvsagt
* fysisk kraft-effektar
Sigmund Hansen skreiv 27.06.2021 21:39:
Den 20.06.2021 10:48, skrev Karl Ove Hufthammer:
Hei!
Har nokon forslag til kva me kan kalla «force feedback» (i vid forstand) i spelsamanheng på norsk? Det er snakk om vibrering og følt motstand i den fysiske eininga ein brukar til å styra spelet. I eit bilspel kjenner ein for eksempel kraftig vibrering i rattet (eller styrespaken eller spelkontrollaren) når ein krasjar, ulik vibrering på ulike vegdekke eller motstand i rattet i krappe svingar.
Vibrasjon (rumble) som finnes i en håndkontroller, regnes gjerne ikke som "force feedback". I hvert fall ikke ut fra APIer og drivere, mens en flystikke eller ratt og pedaler som gir motstand, rykker, napper og rister, har ganske avanserte muligheter for å bevege disse, har "gamepads" som regel bare styring av frekvens.
Takk for nyttig teknisk presisering. Eg er ikkje sikker, men eg trur omgrepet omfattar både vibrering og «force feedback» i min samanheng (og det var derfor eg skreiv «i vid forstand» ovanfor).
Eg har no fått desse forslaga:
Meg: haptisk tilbakemelding Reinholdtsen: fysisk respons eller fysisk tilbakemelding Hansen: likte fysisk respons (betre enn fysisk tilbakemelding), ev. haptisk respons Silli: fysisk kraft-respons/-effektar
Silli meinte «fysisk respons» var for upresist. Generelt sett er det kanskje det, men eg trur det i min samanheng er presist *nok*.
Eg vel derfor å endra omsettinga frå «haptisk tilbakemelding» til «fysisk respons».
Hva med multisensorisk, saneutvidet, sanserikt? (siden flere sanser er i spill enn ellers).
Mvh Axel
Den 2021-07-12 19:13, skrev Karl Ove Hufthammer:

On Mon, 2021-07-12 at 19:25 +0200, axel@bojer.no wrote:
Hva med multisensorisk, saneutvidet, sanserikt? (siden flere sanser er i spill enn ellers).
spelet som heilskap er nok multisensorisk, men den fysiske tilbakemeldinga (det var min favoritt ;) er kun basert på éin sans, følelse.