Eivind Ødegård skreiv 02.01.2026 10:00:
Neste steg, som gjerne kan bli vanskeleg nok, er å avgjera språklege retningsliner. Eg har ingen veldig sterke meiningar, men rår til å ikkje finna opp krutet på nytt, og å høyra på dei som har gjort dette før. Kanskje Karl Ove har eit innspel eller to?
Me har alt felles språklege retningslinjer som gjeld *all* fri programvare på norsk:
https://l10n-no.gitlab.io/l10n-no-dok/retningslinjer.html
Er det nokon grunn til at Android skal avvika frå desse?
Eg har elles brukt desse retningslinjene når eg har omsett ulike Android-appar til nynorsk, og det har gått heilt fint.
Viss det er noko Android-spesifikt som bør skrivast ned, bør dette leggast inn i dei eksisterande retningslinjene (anten i hovuddokumentet eller, viss det er heilt Android-spesifikt, i eit separat dokument under «Retningslinjer»-kategorien på nettstaden).
Trur elles Google har nokre retningslinjer om skriving av tekstar i brukargrensesnitt, eks. kva tekstar som skal eller ikkje skal slutta med punktum. Fann dei ikkje farten, men dei kan ev. vera aktuelt å lenkja til (eller tilpassa dersom dei ikkje fungerer på norsk).