Eg har kome til reknearkfunksjonane i nynorsk OpenOffice.org. Nokre av forklaringane er verkeleg tunge, og nærast uforståelege.
Eitt av argumenta til funksjonen «FLOOR» eller «AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED» har denne forklaringa på engelsk:
«If given and not equal to zero then rounded down according to amount when a negative number and significance.»
Argumentet er visst valfritt, men eg klarar ikkje å sjå korleis det påverkar funksjonen. Er det nokon her som kjenner rekneark betre enn meg og kan forklara dette på forståeleg vis? (Gjerne med ei forståeleg engelsk forklaring òg, så kan me få sendt feilmelding til OpenOffice.org.)
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes