Petter Reinholdtsen skreiv 09. juni 2018 15:13:
Nøkkelen ligger på plass som den skal i ~/.ssh/, og du har passord i LDAP. Jeg mistenker dermed at du byttet ssh-nøkkel og glemt passordet. Kommentaren til nøkkelen i ~huftis/.ssh/authorized_keys2 er "Karl Ove Hufthammer@Karl Ove Hufthammer", hvis det kan bidra til å finne riktig nøkkel.
Eg fann til slutt ut av det, etter mykje feilsøking. Nøkkelen var korrekt, men var ein DSA-nøkkel, ikkje ein RSA-nøkkel. I nyare versjonar av openssh er støtte for DSA-nøklar slått av som standard. Løysinga er å legga
PubkeyAcceptedKeyTypes +ssh-dss
(for den aktuelle maskina) inn i ~/.ssh/config
Så no kan eg oppdatera fellesordlista. Eg har endra omsettinga av «glyph» frå «glyff» til «glyf». Begge omsettingane er i bruk, og har vore det i mange år, men SNL brukar «glyf», og det er rimeleg å anta at eit normeringsvedtak ville hamna på «glyf», etter mønster frå «hieroglyf».
(Fellesordlista er oppdatert i SVN, men det kan ta litt tid (ein time? eit døgn?) før sjølve nettsida vert oppdatert.
Elles er det berre å melda inn her på lista andre ting de vil ha endra i fellesordlista, så kan eg oppdatera.