Førebels forslag:
CONCAT: KJED.SAMAN IFS: VISS.SANN MINIFS: MINVISS / MINVISS.SANN MAXIFS: MAKSVISS / MAKSVISS.SANN SWITCH: VEKSLA / VEKSLA.INN TEXTJOIN : KJED.MED.SKILJETEIKN / KJED.SAMAN.TEKST
og sjølvsagt tilsvarande på bokmål.
Eg har ikkje lagt forslaga inn i Calc førebels, med unnatak av KJED.SAMAN. I følgje planen, skal LibreOffice 5.2.0 sleppast 1. august, så vi har litt tid på oss.
Excel brukar MINVISS for MINIFS og MAKSVISS for MAXIFS. Eg føreslår å leggja til .SANN for å vise at dei høyrer saman med VISS.SANN. Kanskje unødvendig?
Helsing Kolbjørn