må. den 07. 05. 2012 klokka 21.36 (+0200) skreiv Kolbjørn Stuestøl:
Verktøyet "cage" på norsk?
Takker for forslaga. Her i samandrag (noen er føreslått av fleire): Noe med strekk eller bøy Trykk- og strekk-bur (Noe med) gitter Frihåndsforvrengning, frihåndstransform (Fri) deformering (Fri) formendring (Fri) forvrengning
I noen tilfelle med verktøy i tillegg.
Eg er ikkje blitt einig med meg sjølv kva som er best. Kanskje det siste. Altså (fri) formendring.
Eg synest dette er dårlig, og meiner bur-transformering, maske-transformering (eller -formendring) eller noko liknande er den beste omsettinga. Det er ikkje snakk fri formendring; tvert imot! Det er heller ikkje snakk om ei gitterbasert formendring, der ein drar kontrollpunkt frå eit gitter. Det kan godt vera det i framtida kan dukka opp slike deformeringsverktøy (strekkjeverktøy).
Og om ein brukar bur-transformering, er det lett å kjenna att funksjonen om ein brukar den engelske utgåva, eller les om funksjonen på engelske nettsider (og omvendt).