Eg skreiv eit svar, men det kom aldri fram til lista ... Eg hugsar ikkje ein gong kva for maskin eg skreiv på, og finn det ikkje att nokon stad. Prøver difor på nytt, fritt etter minnet.
Tysdag 27 august 2002 17:06 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:OF5082E321.4570F221-ONC1256C22.004F17AA@akershus-f.kommune.no:
Apropos tastenamn ... To tastar som ikkje står i lista, og som eg kanskje er mest i stuss på, er «Space» og «Backspace».
«Space» har eg sett ofte blir kalt «Ordskiller». Det er eit uheldig ord, av fleire grunnar. Eg går inn for «Mellomrom» (stor eller liten «m»?).
Det greiaste er vel å vera konsekvent med stor bokstav i både engelske og norske namn.
«Backspace» er det verre med. Eg ser Microsoft brukar konsekvent «Tilbake», men det kan vel lett forvekslast med venstre piltast. (Forresten er ikkje Microsoft generelt særlig konsekvent med tastenamna på norsk.)
Uff, nei. På den *same* hjelpesida i Windows XP fann eg både «SKIFT» og «Skift» og fleire andre feil av same typen.
Elles, kva skal me kalla piltastane. Me har to val, etter det eg kan sjå «Venstrepil» og «Pil venstre». Microsoft brukar sistnemnte, og det er greitt, IMHO.
«Pil venstre» er greitt, og «Pil opp» fungerer vel betre enn «Oppil»?
(Gjer me forskjell på tastar med påtrykt namn og tastar med berre symbol?)
Nei. Dette varierer òg mellom tastatur. På det eg brukar no, har verken «Tab» eller «Shift» namn, men ofte har dei det (og det er ein fordel for brukaren!).
Det eg meinte var om tastar med berre symbol skal få norske namn, medan dei med påtrykt engelsk namn skal behalda det engelske?
Eg skal forresten få sjekka opp kva tastane på Sun-tastatur heiter. Viss eg ikkje gløymer det.
Det står eitt rett borti gangen her. I same rennet kunne me kanskje teke med spesialtastane på Notis-tastatura, av omsyn til norsk datahistorie? Her på AFK finst det mange slike tastatur, og eg brukar sjølvsagt to slike til dagleg. (Av ein eller annan grunn føretrekk dei fleste andre her å bruka ekle billegtastatur frå Siemens ...)
Kva heiter den Windows-tasten som ligg lengst til høgre, med bilete av ein slags meny på? (MS har sikkert eit namn?)
Eg nettsøk viser at han mest sannsynlig heiter «Application Key». Dette påstår fleire sider, inkludert ei MS-side. Men i Word 2000 og Windows XP blir dette brukt om *Windows-tasten*!
Tasten blir so vidt eg kan sjå berre brukt til å visa kontekstmenyen. Hadde «Konteksttast» fungert?
«Programtast», hevdar den hjelpesida eg såg på i Windows XP. Me treng kanskje ikkje finna opp noko nytt namn?
Hos meg har den store tasten pilsymbol, og den litle «Enter»[1]. Eg har sett det omvendt òg, samt «Enter» på begge tastane. Eg går inn for å kalla begge tastane «Enter». Finst det program som har ein funksjonsmessig skilje mellom bruken av desse tastane? Viss ja, kan me kanskje i laupande tekst snakka om 'den vesle «Enter»-tasten'.
Eller «Enter-tasten på taltastaturet». (Kan me seia «taltastaturet», eller må me bruka «det numeriske tastaturet» slik MS gjer?)
[1] Vart forresten brått so glad då eg oppdaga at me kan skriva «litle» på nynorsk (læreboknormal!). :) Skal me brukar «litle» eller «vesle» i omsettingane?
Oi, «litle» er jo fint ;-)
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes