«applet»: Me har prøvd oss med samlenamnet «miniprogram», til protestar frå ein del Java-kyndige. Eg er ikkje sikker på om me finn eit samlenamn som er bra nok, eller om me treng eit samlenamn i det heile. Appletane i KDE-panelet har eg litt lyst til å kalla for «panelprogram», er det ein god idé?
Eg har brukt det i gnome-panel. Eg synest det er eit bra ord, for i panelet vert "applet" brukt om små program som legg seg i panelet, sjølv om det engelske ordet har vidare tyding enn som så. Men sidan det er berre denne eine tydinga som vert brukt her, fungerer det bra.